Nettbutikk for bedrifter og skoler

Våpenlova

lov 20. april 2018 nr. 7 om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon,lovkommentar

Innbundet
Nynorsk
Våpenlova
Våpenlova
  • Forfatter: Verner Bjerkvik
  • Format: Innbundet
  • Antall sider: 229
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Aschehoug
  • Nivå: Voksen
  • EAN: 9788215052113
  • Kom i salg: 13. juli 2023
  • Utgivelsesår: 2023
  • Bidragsyter: Bjerkvik, Verner (for) ; Norge ()
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: Rettskilder: lovgivning, Sikkerhets- og politirett, våpenlovgivning
Se flere produktegenskaper
799,-

Kjøp på nett

I Noreg er det registrert kring 1,4 millionar skytevåpen på om lag 480 000 løyvehavarar. Størsteparten av våpenløyva er knytt til jakt og skytesport. Ein kan også erverve skytevåpen til andre føremål, til dømes samling, minneverde og næringsverksemd. Våpenlova regulerer dei fleste former for omgang med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Lova regulerer også næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, til dømes handel, tilverking og reparasjon. Føremålet med lova er å hindre uønskte hendingar med våpen og å fremje ein trygg våpenbruk.

Denne boka gjev ein grundig omtale av føresegnene i våpenlova og sentrale føresegner i våpenforskrifta. Vidare vert det også gjeve ein omtale av relevante internasjonale rettsakter, som set dei ytre rammene for den norske våpenlovgjevinga.

Lovkommentaren er eit praktisk oppslagsverk for juristar som kjem bort i våpenlova. Han vil også vere nyttig for våpeneigarar, skyttarlag, næringsdrivande og andre som har behov for kunnskap om våpenlovgjevinga.

Verner Bjerkvik er advokatfullmektig i Norges Bondelag. Frå 2013 til 2019 arbeidde han som seniorrådgjevar i Justis- og beredskapsdepartementet og hadde mellom anna hovudansvaret for å skrive proposisjon til ny våpenlov og høyringsutkast til ny våpenforskrift. Han tok også del i arbeidet med gjennomføring av EU sitt reviderte våpendirektiv (EU) 2017/853 og ulike gjennomføringsrettsakter til dette direktivet.