Nettbutikk for bedrifter og skoler

Syngja

roman

Pocket
Nynorsk
Syngja
Syngja
  • Forfatter: Lars Amund Vaage
  • Format: Pocket
  • Antall sider: 231
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Forlaget Oktober
  • Nivå: Voksen
  • EAN: 9788249511396
  • Kom i salg: 27. mai 2013
  • Utgivelsesår: 2013
  • Bidragsyter: Vaage, Lars Amund (for)
  • Utgave nr.: 2
  • Emnekategori: Moderne litteratur
Se flere produktegenskaper
Tilbudspris 181,- Ordinær pris 199,-

Kjøp på nett

Utsolgt på nettlager
Den eg skriv dette til kan ikkjelesa. Ho kan ikkje skriva, og ikkje snakka heller, endå om dei fremste fagfolka i landet har prøvd å læra henne dette i mange år. Det kom nokre ord, og ho tok dei i bruk, men så smuldra dei opp i munnen hennar. Ho brukte dei annleis enn andre. Ho sa orda rett, men visste ikkje kva dei betydde. Ho smakte på dei, songdei, masa med orda, så dei kom til å bety alt og ingenting, og så blanda dei seg med dei andre lydanehennar, blei borte i leiken med tunga og stemmebanda, forsvann inn i hylet og mumlinga, og mehøyrdedeiikkje igjen. Som ung mann jobbar han som bussjåfør og drøymer om å skriva. Ein dag kjem ei jente inn i bussen, ho ser på han i spegelen, og då ho skal av, stoppar han bussen og følgjer etter henne. Sidan ligg dei i senga hennar i kjellarleilegheita der ho bur. Då ho vert gravid, veit han kva han skal gjera. No er dottera vaksen, han er ein etablert forfattar; kan han endeleg skrive romanen om henne? Syngja er ein djupt personleg roman, vakker og tankevekkande, naken og open, om å leva med ei dotter med autisme. Romanen er eit forsøk på å skriva hennar historie, og handlar om kor vanskeleg det er, men òg kor viktig det er å forstå ei som ikkje let seg forstå.