- Format: Pocket
- Antall sider: 62
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Wigestrand Forlag
- Nivå: Voksen
- EAN: 9788281400313
- Kom i salg: 27. feb. 2008
- Utgivelsesår: 2008
- Bidragsyter: Spaans, Ronny (for)
- Utgave nr.: 1
- Emnekategori: Lyrikk
Tilbudspris
205,-
Ordinær pris
225,-
Svalene i Lisboa plasserer Ronny Spaans både i ein nynorsk poesitradisjon og i ein større europeisk fellesskap, med Elena Sjvarts og Bella Achmadulina i Russland og Derek Mahon i Irland som tilknytingspunkt - alle representantar for ein ubroten klassisk orientert lyrikktradisjon i utkanten av Europa, som har fornya seg i samsvar med ein samtidig, modernistisk poetikk. Med vekt på bilete, rytme og forteljing står Spaans fram som eit friskt pust i norsk lyrikk. Ronny Spaans er fødd i 1976 og oppvaksen i Brønnøysund. Han har budd i Nederland og Spania og har tilhøyrsle i miljøet kring Senter for frie kunster i Oslo. Han har publisert artiklar og dikt i Bokvennen, Lyrikvännen og Norsk Litterær Årbok og har redigert ei nyutgåve av Emil Boysons Europeisk poesi (2006). I år er han medredaktør av ei essaysamling til hundreårsminnet åt Olav H. Hauge. Med Svalene i Lisboa debuterer Spaans som lyrikar.