Nettbutikk for bedrifter og skoler

Skuggen og dronninga

roman

Innbundet
Nynorsk
Skuggen og dronninga
Skuggen og dronninga
  • Forfatter: Lars Amund Vaage
  • Format: Innbundet
  • Antall sider: 153
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Forlaget Oktober
  • Nivå: Voksen
  • EAN: 9788249504008
  • Kom i salg: 6. okt. 2010
  • Utgivelsesår: 2010
  • Bidragsyter: Vaage, Lars Amund (for)
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: Moderne litteratur
Se flere produktegenskaper
Tilbudspris 318,- Ordinær pris 349,-

Format

Kjøp på nett

Mikal reiser tilbake til heimbygda. Der møter han igjen bestemor si, Sara, ho som ein gong for mange år sidan blei sjuk og kom på sinnssjukehus, og Samson, sonen hennar, som også blei sjuk. I fem kapittel, som utgjer fem forteljingar, fem brotflater å nærma seg historia gjennom, fortel denne romanen om galskap, om sterke kjensler og stor innlevingskraft, om psykiatri og om nedbrytinga av menneske. Skuggen og dronninga er ein gripande og urovekkande roman. Sara gjekk inn i venleiken, inn i det mintgrøne vindfanget, vidare inn i den mørke gangen med lakka furepanel. Ho sette ikkje ytterdøra på klem, slik ho brukte å gjera før, så dei som følgde henne skulle koma inn, men stengde etter seg. Mikal hadde auka farten, sprunge etter henne den siste biten, og no stod han framfor dørhella, på den svarte singelen, med løyntnantshjarto og georginer lavande på begge sider. Han høyrde at ho stoppa der inne, snudde, tenkte seg visst om, før ho kom til døra, vreid nøkkelen rundt og låste. Han høyrde kneppet i låsen og stega hennar innover. I det same begynte ho å snakka, høgt, klagande, stigande, fallande, og stigande igjen, kanskje til seg sjølv, kanskje til Allan.