Nettbutikk for bedrifter og skoler

Puls

Kommunikasjon og samhandling : vg2-vg3 ambulansefag

Puls
Puls
Se flere produktegenskaper
945,-

Format

Kjøp på nett

Puls Kommunikasjon og samhandling tek sikte på å utvikle ferdigheitene til elevane i å kommunisere og samhandle i ulike pasientforløp og etter yrkesetiske retningslinjer. Elevane lærer kor viktig det er med tydeleg, tillitsvekkjande og empatisk dialog med pasientar og aktørar i helsetenesta, og dei får strategiar for stressmeistring og konflikthandtering. Boka gir også kompetanse i rettleiing og bruk av kommunikasjonssystem og samband. Denne læreboka er ein del av eit komplett læreverk som dekkjer den nye læreplanen for vg2 og vg3 ambulansefag. Serien består av ein tverrfagleg nettressurs og til saman fire lærebøker som følgjer programfaga: Ambulansemedisin 1 Ambulansemedisin 2 Yrkesliv i ambulansefag Kommunikasjon og samhandling I lærebøkene møter elevane lettlesne og oversiktlege verk der innlæring av omgrep står sentralt. Bøkene har ordforklaringar i margen, oppsummeringar og eit breitt utval av oppgåver som stimulerer til djupnelæring. Illustrerte casar med faste karakterar følgjer elevane gjennom verket og gjer fagstoffet både aktuelt og praksisnært.