Økologisk plantekultur 2
Økologisk plantekultur 1 og 2
- Format: Pocket
- Antall sider: 357
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Vigmostad & Bjørke AS
- Serienavn: Økologisk plantekultur 1 og 2
- EAN: 9788276743876
- Utgivelsesår: 2001
- Bidragsyter: Bøe, Olav Arnar (for) ; Fritsvold, Bjørg (for)
- Utgave nr.: 4
- Emnekategori: Læremidler
569,-
Økologisk plantekultur er eit læreverk i to bind som dekkjer læreplanmåla for dei to studieretningsfaga Plantekultur VK1 og Plantekultur VK2 i økologisk landbruk på studieretning for naturbruk. Økologisk plantekultur 1 tek for seg grunnleggjande emne innanfor plantekultur, som til dømes generell plantebiologi, vekstskifte, ugras og skadeorganismar, planteforedling, planteoppal og formeiringsmåtar. I tillegg inneheld boka omfangsrike kapittel om korn, ert og potet. Økologisk plantekultur 2 byggjer på Økologisk plantekultur 1 og held fram med gjennomgang av dei andre mat- og fôrvekstane som er aktuelle i Noreg. Vi finn også omtale av lager og lagringsmåtar, litt om foredling og konservering og om produktkvalitet. Forfattarane har arbeidd med økologisk landbruk i teori og praksis sidan tidleg på 1980-talet. Olav Arnar Bø er sivilagronom med studieretning allsidig jordbruk. Han har vore lektor på Sogn Jord- og Hagebruksskule sidan 1978, mellom anna i plantekultur. Det meste av tida har han også hatt medansvar for drifta av den økologisk og allsidig drivne skulegarden. Sidan 1989 har han drive økologisk gard i Vik i Sogn saman med familien. Bjørg Fritsvold er sivilagronom med studieretning allsidig jordbruk. Ho har lenge vore engasjert i økologisk landbruk og har sidan 1996 vore dagleg leiar for Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule. Ho er medforfattar av boka Omlegging til økologisk landbruk, som er utgjeven av Landbruksforlaget. Bjørg Fritsvold har sidan 1984 drive økologisk gard i Fresvik i Sogn saman med familien.