Tetra 9
matematikk for ungdomstrinnet
- Format: Innbundet
- Antall sider: 333
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Vigmostad & Bjørke AS
- EAN: 9788252163834
- Utgivelsesår: 2006
- Tittel på originalspråk: Tetra 9
- Bidragsyter: Carlsson, Synnöve (for) ; Hagen, May Britt (for) ; Hake, Karl-Bertil (for) ; Öberg, Birgitta (for) ; Widlund, Filippa (ill)
- Utgave nr.: 1
- Emnekategori: Læremidler: matematikk og tallforståelse
639,-
Tetra er eit matematikkverk for 8.-10. trinn. Verket har alt for kvart årstrinn i éi elevbok: differensierte oppgåver, leksedel, regelsamling og fasit. Kapittelinndelinga i Tetra er knytt nært opp til hovudområda i læreplanen slik at det er oversiktleg å orientere seg i fagstoffet. Stoffet er strukturert i tre differensieringsnivå med definerte kompetansemål. Etter eit innleiande felleskurs kan eleven velje vanskegrad for det neste kurset på grunnlag av ein innlagd test - lett å administrere for læraren, lett å velje for eleven. I Tetra er språket enkelt og matematisk korrekt. Oppgåvene er mange og varierte med mellom anna utfordrande oppgåver for elevar som vil ha noko å bryne seg på. Læraren kan lett velje arbeidsformer for elevane og veksle mellom individuelt arbeid og samarbeid. Fargerike illustrasjonar og foto motiverer og skaper interesse for det matematiske emnet. Tetra 9 Grunnbok tek opp desse emna: tal og algebra likningar geometri prosent sannsynsrekning funksjonar I tillegg har Tetra 9 regelsamlinga Verktøykassa og fasit.