- Format: Innbundet
- Antall sider: 72
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Vigmostad & Bjørke AS
- EAN: 9788252163490
- Utgivelsesår: 2007
- Tittel på originalspråk: Junior scoop 4
- Bidragsyter: Bruskeland, Patricia Anne (for) ; Teigen, Cecilie (for) ; Poulsen, Bonnie (ill)
- Utgave nr.: 1
- Emnekategori: Læremidler: fremmedspråk: språkopplæring
239,-
Junior Scoop er eit engelskverk for 1. til 4. klasse. Her møter elevane det første framandspråket gjennom leik og aktivitet - og ikkje minst humor. Med lytting, herming, spel, song, leik og annan aktivitet tek barna opp grunnleggjande frasar, ord og uttrykk. Junior Scoop 4 Textbook legg vekt på samspelet mellom lærar og elev og gir struktur til innlæring av nye ord og uttrykk. I Junior Scoop 4 Textbook finn ein ulike sjangrar som fakta, dialogar, dikt og songar i tillegg til utdrag frå kjend barnelitteratur frå engelsktalande land. Boka legg opp til mykje arbeid med å lese og forstå tekstar. Elevane skal forstå ut i frå samanhengen meir enn å forstå kvart enkelt ord. Dette er i tråd med nasjonale prøver. Elevane kan trene på å finne meiningsberande element i tekstane dei les, slik at dei forstår hovudinnhaldet.