- Format: Pocket
- Antall sider: 101
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Vigmostad & Bjørke AS
- EAN: 9788211025906
- Kom i salg: 16. aug. 2017
- Utgivelsesår: 2017
- Tittel på originalspråk: Pila
- Bidragsyter: Holtet, Ann-Christin (for) ; Lindstad, Siri (for)
- Utgave nr.: 1
- Emnekategori: Læremidler: yrkesfag og andre fag
259,-
Liker du å skru bitte små ting frå kvarandre, berre for å sjå korleis dei fungerer? Liker du kanskje å lage mat? Er det deg alle kjem til når dei har problem med dataen? Er du ein som liker å ta vare på folk, slik at alle har det bra? Liker du å teikne eller å snikre? Trivst du best utandørs, i naturen? I arbeidslivsfaget får du høve til å bli enda betre kjend med deg sjølv og alt du er flink til. Slik får du eit godt utgangspunkt for å finne ut kva du eigentleg vil bli. Her får du trening i å løyse praktiske oppgåver, slik dei skal løysast ute i det ordentlege arbeidslivet. Kanskje du til og med startar ei elevbedrift? I denne boka gir vi deg ein modell for korleis praktiske oppgåver kan løysast på ein god måte. Modellen er kalla Pila og har også gitt namn til boka. Du kjem til å arbeide med idéutvikling og planlegging av oppgåver som skal løysast, der nettopp evnene, interessene og ideane dine er viktige ingrediensar. Du får også trene på gode produksjonsprosessar, marknadsføring og kundebehandling, og du kjem til å få øvd deg på å samarbeide med andre. Boka gir deg også ei oversikt over alle yrkesfaglege utdanningsprogram og mange yrke du kan velje mellom når du er ferdig med ungdomsskolen. Ann-Christin Holtet har bachelorgrad innanfor yrkesfaglærarutdanning i formgivingsfag. Ho har også etterutdanning i utdanningsval og har sveinebrev i frisørfaget. Ho jobbar i dag for Ungt Entreprenørskap med å innføre entreprenørskap i skolen og føreles og held kurs for lærarar og elevar. Ho har tidlegare arbeidd som lærar på barne- og ungdomstrinnet og i vidaregåande skole. Siri Lindstad har studert nordisk språk og litteratur og har ein mastergrad i journalistikk. Ho har jobba i fleire år som forskingsjournalist, mellom anna i magasinet Forskerforum. Ho driv dessutan firmaet Innlandet kulturproduksjon, som arrangerer føredrag og seminar med vekt på kunnskapsformidling.