Skarnsundbrua
- Format: Innbundet
- Antall sider: 153
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Embla Forlag AS
- Nivå: Voksen
- EAN: 9788283820195
- Kom i salg: 3. juni 2022
- Utgivelsesår: 2022
- Bidragsyter: Aasan, Arne (for) ; Hovland, Svein (for) ; Øfsti, Robert (for)
- Utgave nr.: 1
- Emnekategori: Broer, Lokalhistorie
Tilbudspris
182,-
Ordinær pris
200,-
Då Skarnsundbrua vart opna 19. desember 1991 var ho verdas lengste skråkabelbru. Ho er framleis verdas lengste skråkabelbru - i betong. Brubyggingskunst i verdsklasse, med ei rekkje prisar for framifrå ingeniørkunst og høg estetisk kvalitet. I denne boka følgjer vi prosjektet frå den første spede ideen vart født mellom ei handfull framsynte folk i Mosvik, via den staselege brupopninga og heilt til bompengeselskapet A/S Skarnsundbrua kunne oppløyse seg sjølv etter fullførd oppdrag. Brubygging er ikkje berre teknikk, det er også økonomi, politikk og estetikk. I denne boka blir bruprosjektet sett inn i ein brei kontekst av samferdselshistorie og brubyggingskunst. Det er eigne kapittel om konstruksjon og byggemåte, men også om bru- estetikken. Skarnsundbrua er eit ynda motiv, og boka er rikt illlustrert med mange kjende og ukjende fotografi av «dronninga» mellom dei trønderske bruene. Men først og fremst er boka ei hylling til alle dei som trudde på tanken og bidro til realiseringa av dette eineståande samferdselsprosjektet. Tidlegare ordførar i Mosvik og styreledar i A/S Skarnsundbrua hadde ideen til denne boka. Svein Hovland er sivilingeniør og var prosjekt-ledar for Skarnsundbrua. Han har skrive kapitlet om konstruksjon og byggeprosess. Dei andre kapitla er forfatta av Robert Øfsti, kunsthistorikar og faglitterær forfattar.