- Format: Innbundet
- Antall sider: 279
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Samlagsantikvariatet
- Nivå: Voksen
- EAN: 9788252183115
- Kom i salg: 24. sep. 2013
- Utgivelsesår: 2013
- Bidragsyter: Ellefsen, Ole M. (for)
- Utgave nr.: 1
- Emnekategori: Historie
Tilbudspris
410,-
Ordinær pris
450,-
Den erfarne journalisten Ole M. Ellefsen fekk ei skattkiste i fanget i form av fleire dagbøker skrivne av fangstmenn som overvintra på Jan Mayen.
Året er 1926. 11 menn er isolert på ei aude øy mellom alt og ingenting. Klippeøya Jan Mayen er nettopp blitt erklært som norsk territorium. Under det ruvande vulkanfjellet Beerenberg skal dei klare seg gjennom vinteren i tronge, små fangsthytter. Målet er å bli rike på revefangst. Vi følgjer karane gjennom vonbrot, krangel og glede. I desembermørket kjem dei svarte tankane. Snart må den eine rømme over fjellet for ikkje å bli slått helselaus. Dei kjem i klammeri om jaktrettane og øydelegg fellene for kvarandre.
Til slutt dreg Hank, cowboyen frå Baltimore, ein Colt .38, klar til å drepe.