Nettbutikk for bedrifter og skoler

Profesjonsetikk i sjukepleie

Pocket
Nynorsk
Profesjonsetikk i sjukepleie
Profesjonsetikk i sjukepleie
  • Forfattere: Einar Aadland , Herdis Alvsvåg
  • Format: Pocket
  • Antall sider: 221
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Det Norske Samlaget
  • Nivå: Voksen
  • EAN: 9788252194753
  • Kom i salg: 26. juni 2019
  • Utgivelsesår: 2019
  • Bidragsyter: Aadland, Einar (for) ; Alvsvåg, Herdis (for) ; Nitter, Amund (ill)
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: Medisinsk etikk og yrkesutøvelse, Sykepleie
Se flere produktegenskaper
349,-

Kjøp på nett

Det finst mange kryssande krav og forventningar til korleis sjukepleieyrket skal utøvast. Denne boka om profesjonsetikk handlar nettopp om det, om korleis ein kan finne fram til best moglege handlingsval når situasjonar blir vanskelege og tvilen melder seg.

I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt, for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også etiske refleksjonsmodellar gjennomgått, og forfattarane viser korleis systematisk refleksjon kan hjelpe oss i vanskelege situasjonar.

Andre del av boka går inn på vanlege etiske utfordringar ein kan møte som sjukepleiar. Etter ein gjennomgang av lovverk og profesjonsetiske retningslinjer blir utfordringar knytte til teieplikt, autonomi og tvang og andre sentrale tema grundig behandla. Her blir også tema som prioritering, lojalitet og varsling tekne opp, og gjennom heile framstillinga bruker forfattarane attkjennelege eksempel frå praksis, der studentane blir inviterte til etisk refleksjon. I eit eige kapittel til slutt i boka blir forskingsetikk behandla.

Herdis Alvsvåg (f. 1952) er professor ved VID vitenskapelige høgskole i Bergen. Ho er utdanna sjukepleiar og sosiolog og har særleg arbeidd med ulike kunnskapsformer, omsorg, læring og danning. Alvsvåg har publisert fleire bøker og artiklar baserte på forsking på desse felta og har også vore redaktør for fleire utgivingar.

Einar Aadland (f. 1950) er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han er tilknytt mastergradprogrammet i «Verdibasert ledelse» og har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing.