På jakt etter svar og forståing
samansette fagtekstar i skulen
LNUs skriftserie
- Format: Pocket
- Antall sider: 171
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Vigmostad & Bjørke AS
- Nivå: Voksen
- Serienavn: LNUs skriftserie
- Serienummer: 185
- EAN: 9788245010268
- Kom i salg: 17. des. 2010
- Utgivelsesår: 2011
- Tittel på originalspråk: På jakt etter svar og forståing
- Bidragsyter: Løvland, Anne (for)
- Utgave nr.: 1
- Emnekategori: Lærerveiledninger og undervisningsmateriell
409,-
Å lese fagtekstar med godt utbytte er ei treningssak. Elevane på fjerde og femte trinnet er heilt i startfasen av ein treningsperiode som skal vare i mange år. Skulekulturen og den vanlege bruken av fagtekstane i klasserommet er med på å forme elevane som faglesarar. I mange tilfelle venner elevane seg til «å lese med pinsett» fordi dei er meir på jakt etter svar enn på leiting etter å forstå det tekstane handlar om. Multimodaliteten det at fagtekstane er sette saman av fleire modalitetar eller uttrykksmåtar, som skrift, lyd, film, figurar og fotografi kan hjelpe elevane i læringsarbeidet, men det multimodale læringspotensialet kan også vere underutnytta. I boka drøftar forfattaren samanhengen mellom multimodalitet, lesing og læring i lys av eksempel frå klasserommet, samtalar med elevar på mellomtrinnet og analyse av aktuelle fagtekstar. Anne Løvland er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder. Ho har doktorgraden i nordisk språkvitskap med ei avhandling om samansette elevtekstar, og har skrive boka På mange måtar. Samansette tekstar i skolen (2007).