Okkupert historier frå 2.verdskrig i Hallingdal
- Format: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Lokal vare
- EAN: 9788292260159
- Utgivelsesår: 2023
399,-
Ingen femårsperiode i Hallingdal har vore like dramatisk og sett innbyggarane på prøve som tida mellom 9. april 1940 og 8. mai 1945. Denne boka er den første samla framstillinga om krigsåra i Hallingdal sidan 1995. 78 år etter fredsdagane i 1945 blir det no teikna nye bilete av kva krigen var for dei 15.000 hallingane som opplevde krigen. Hovudpersonane er enkeltmenneska, og med tilgang til nye dagbøker, brev, bilete og arkivmateriale blir krigsåra skildra med ei rekkje historier om hallingane som opplevde dei. Her er historiene til dei over 200 mennene som reiste i krigen i aprildagane i 1940, historier om motstandskampen til menn og kvinner, barn og eldre. Kring 200 hallingar gjekk i teneste for Hitler og Quisling, og mange lokale NS-menn arbeidde systematisk for at sambygdingar vart fengsla.
For aller første gong i bokform blir alle hallingane som vart kasta i norske og tyske fengsel, i konsentrasjonsleirar og tukthus, presentert.
For aller første gong i bokform blir alle hallingane som vart kasta i norske og tyske fengsel, i konsentrasjonsleirar og tukthus, presentert.