Nettbutikk for bedrifter og skoler

Norsk bistandshistorie

Pocket
Nynorsk
Utsyn&innsikt
Norsk bistandshistorie
Norsk bistandshistorie
  • Forfatter: Randi Rønning Balsvik
  • Format: Pocket
  • Antall sider: 192
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Det Norske Samlaget
  • Nivå: Voksen
  • Serienavn: Utsyn&innsikt
  • EAN: 9788252188554
  • Kom i salg: 26. sep. 2016
  • Utgivelsesår: 2016
  • Bidragsyter: Balsvik, Randi Rønning (for)
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: Nødhjelp og bistand
Se flere produktegenskaper
299,-

Kjøp på nett

Boka gir ei kortfatta oversikt over Noregs engasjement i internasjonalt bistandsarbeid frå Kerala-prosjektet i 1952 til i dag.

Etter å ha gjort greie for korleis utviklingshjelpa kom i gang etter den andre verdskrigen, følgjer forfattaren utviklingslinjene i det norske bistandsarbeidet: korleis ein har tenkt omkring bistand til ulike tider, kva erfaringar ein har gjort i konkrete bistandsprosjekt, og korleis arbeidet har blitt organisert.

Noreg markerte seg tidleg i internasjonalt bistandsarbeid, og med stadig aukande oljeinntekter kom Noreg til å vere blant dei leiande landa når det gjaldt storleiken på u-hjelpa i høve til folketal. Slik fekk Noreg ei stilling i internasjonale relasjonar langt utover det ein kunne forvente ut ifrå folketalet. Ei hovudoppgåve i denne boka er å syne korleis Noreg nytta dette handlingsrommet.