Meir enn eit tillegg til annan manns verk?
om Hans Ross og ordboka hans
Allkunne
- Format: Pocket
- Antall sider: 41
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Fonna Forlag
- Nivå: Voksen
- Serienavn: Allkunne
- EAN: 9788251304023
- Kom i salg: 13. nov. 2023
- Utgivelsesår: 2023
- Bidragsyter: Grønvik, Oddrun (for)
- Emnekategori: Memoarer, Ordbøker
Tilbudspris
90,-
Ordinær pris
99,-
Hovudverket til Hans Ross er Norsk Ordbog. Tillæg til «Norsk Ordbog» af Ivar Aasen. I dette heftet kastar Oddrun Grønvik fram tanken om at Ross i røynda byrja på eit anna ordboksprosjekt. Ordboka skulle ikkje først og fremst vera ei framsyning av korleis eit moderne norsk riksspråk bør sjå ut, men eit bilete av ordbruk og dermed av arbeidsliv og åndsliv i norske bygder i fortid og samtid. Mykje av det Aasen vraka til sitt prosjekt, ville Ross teke med i sitt av di det biletet han ville gje av norsk mål var eit anna. I framhaldet av nynorsk leksikografi har Aasens verk fått ein etterfølgjar i Nynorskordboka, medan Norsk Ordbok blir redigert meir i Ross si ånd.