Nettbutikk for bedrifter og skoler

Medborgarskap

samfunnskunnskap vg1/vg2

Innbundet
Nynorsk
Medborgarskap
Medborgarskap
  • Forfattere: Kjetil Evjen , Edelinn B. Gjerde
  • Format: Innbundet
  • Antall sider: 252
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Vigmostad & Bjørke AS
  • EAN: 9788211042521
  • Kom i salg: 7. juli 2021
  • Utgivelsesår: 2021
  • Tittel på originalspråk: Medborgerskap, Brettbok
  • Bidragsyter: Evjen, Kjetil (for) ; Gjerde, Edelinn B. (for)
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: Læremidler: statsborgerskap og sosialt arbeid
Se flere produktegenskaper
579,-

Format

Kjøp på nett

Medborgarskap handlar om å vere ein fullverdig medlem og deltakar i det samfunnet vi er ein del av. Det handlar om deltaking i politiske spørsmål og om å la stemma si bli høyrd i korleis samfunnet skal bli styrt og utvikla. Medborgarskap handlar også om å oppfylle krav og forventningar frå samfunnet om oppførsel, utdanning og deltaking i arbeidslivet.
Dette idealet om at vi er aktive, engasjerte medborgarar, er ikkje alltid lett å oppfylle. Nokre vel frivillig å stå utanfor i delar av eller heile livet. Andre att hamnar på utsida som eit resultat av forhold og situasjonar dei ikkje ønskjer. Uavhengig av årsak er utanforskap eit forhold som vi må forstå og forklare.
Denne læreboka har som ambisjon å gi ei forståing for dei samfunnsforholda enkeltmennesket må ta omsyn til på sin veg gjennom livet. Dette gjeld ikkje berre vegen frå barndommen, via ungdomstida og over i vaksenlivet. Det gjeld også politisk engasjement i spennet frå lokaldemokratiet til internasjonale forhold.
Formålet er å gi elevane grunnlag for å forstå det samfunnet vi alle er ein del av, og for å finne sin plass i dette samfunnet. Boka dekkjer læreplanen for samfunnskunnskap Vg 1/Vg 2.
Edelinn B. Gjerde er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen. Ho er lektor ved Metis videregående skole og underviser i samfunnskunnskap og rettslære.
Kjetil Evjen er universitetslektor ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han har også brei erfaring frå undervisning i den vidaregåande skolen.