Nettbutikk for bedrifter og skoler

Martin Linge

biografi

Innbundet
Nynorsk
Martin Linge
Martin Linge
  • Forfatter: Svein Linge
  • Format: Innbundet
  • Antall sider: 248
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Kolofon Forlag AS
  • Nivå: Voksen
  • EAN: 9788230020067
  • Kom i salg: 14. nov. 2019
  • Utgivelsesår: 2019
  • Bidragsyter: Linge, Svein (for)
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: Biografier: historie, politikk og militæret
Se flere produktegenskaper
Tilbudspris 345,- Ordinær pris 379,-

Kjøp på nett

Kva skjedde då krigshelten Martin Linge fall i Måløy 27. desember 1941? Var det hans feil slik den offisielle historia er? Eller gjekk han i ei felle fordi britiske kommandosoldatar ikkje hadde gjort jobben sin? I denne boka blir historia til det einaste augnevitnet, som dokumentert frå fleire kjelder var med Martin da han fall, fortalt. Burde Martin Linge i det heile vore med til Måløy. Ikkje i følgje krigshistorikar Ragnar Ulstein. Og kvifor skulle Linge vere dumdristig og stille seg slik at han fall? Kort tid før Måløyraidet hadde han søkt om å få sleppe vere med på neste raid. Rosemary Reed og Martin Linge hadde planlagt bryllaup to veker etter Måløyraidet.
Kvifor vart soldatane i kompaniet til Martin Linge og den norske journalisten og informasjonsmedarbeidaren Andreas Barlaup isolerte og ikkje fekk snakke med norske myndigheiter før 6. januar, 9 dagar etter raidet?
Biografien handlar om mennesket Martin Linge. Barndoms- og ungdomstid som skapte skodespelaren, organisatoren, underoffiseren som britane kravde skulle få graden kaptein. Kapteinen som bygde opp kompaniet som etter krigen fekk namnet Kompani Linge.
Om forfattaren:
Svein Linge, f 1947. Lærarskulen 1969. Adjunkt med engelsk og historie grunnfag 1972 og 73. Ungdoms- og folkehøgskulelærar. Informasjonssjef ved Det Norske Teatret 1979-1986. Redaktør av lokalavisa Storfjordnytt 1988-92. Har skrive ei rekke historiske avisartiklar m.a. om personar og episodar frå krigsåra 1940-45 på indre Sunnmøre. Svein Linge er ikkje i familie med Martin Linge.