- Format: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Ventura Forlag AS
- Nivå: Voksen
- EAN: 9788283651959
- Utgivelsesår: 2024
- Bidragsyter: Thu, Erling (for) ; Thu, Solveig (for)
- Emnekategori: Kristendommen: liv og lære
329,-
Solveig og Erling Thu har levd eit liv i lydnad mot Guds kall, og deira historie er ein inspirasjon for mange.
Gjennom biografien, Lengten etter Gud, får vi eit unikt innblikk i ein del av norsk kyrkjehistorie dei siste 60 åra som er underkommunisert.
Boka er ei livsreise for to menneske som har vigd sitt liv til å tena Gud. Lesaren blir tatt med på ei reise med både framgang og vekst, og konfliktar og nederlag. Gjennom oppveksten på bedehuset, opplevinga av dåpen i Den heilage ande og kall til teneste i Sarons Dal, får vi eit innblikk i ein lengt etter å sjå Guds gjerningar og å tena han på ein djupare måte. Boka er ein verdifull ressurs for alle som er interessert i nyare norsk pinse- og karismatisk historie, og ho gir eit balansert og realistisk bilete av livet i teneste for Gud. Vi vil anbefala denne boka til alle som ønskjer å læra meir om norsk kyrkjehistorie og om kva det betyr å leva i lydnad mot Guds kall.
Erling Thu er født 1942, på Ganddal, Jæren og er oppvaksen i bede husmiljøet. Han har vore forkynnar sidan 1962. Han leia evangeliseringsarbeidet OUT i Sarons dal, var med å byggja Statfjord A ¿ plattforma i Jåttåvågen, og var hjelpeforstandar i pinsekyrkja Zion, Stavanger før han var med å starta Kristent Fellesskap, Bergen Bibelskole og Kristent Nettverk. Han har skrive meir enn 30 bøker og er omsett til mange språk. Han har vore gift med Solveig sidan 1964 og dei fekk seks barn saman og har ti barnebarn. Dei siste 30 åra har han og kona brukt mykje tid i India, Nepal og Sri Lanka og er begge i aktiv teneste for Herren som pensjonistar