- Format: Innbundet
- Antall sider: 860
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Novus AS
- Nivå: Voksen
- Serienavn: Lekamslyst
- Serienummer: 2
- EAN: 9788270998371
- Kom i salg: 8. des. 2015
- Utgivelsesår: 2015
- Bidragsyter: Bø, Sigrid (for) ; Kjøk, Jarnfrid (for)
- Utgave nr.: 1
- Emnekategori: Litteratur: historie og kritikk
535,-
Boka Lekamslyst II : Erotisk folkedikting i Noreg presenterer tekstene frå eit prosjekt om erotisk folkedikting. Det fyrste bandet, Lekamslyst I : Om erotikk i norsk folkedikting (2008), drøftar erotiske motiv og biletbruk. Tekstbandet inneheld eventyr, segner, viser og stev frå heile Noreg, medrekna samiske område, til saman 1434 tekster ordna i 31 motiv. Ein vesentleg del av tekstene er transkriberte etter oppskrifter i handskriftsamlingane i Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo. Dei fyrste store samlarane som Peter Christen Asbjørnsen, Jørgen Moe, Ivar Aasen, Magnus Brostrup Landstad og Ludvig Mathias Lindeman og seinare samlarar som t.d. Moltke Moe, Ole Tobias Olsen, Just Knut Qvigstad, Edvard Langset og Torleiv Hannaas var tru mot tradisjonen. Handskriftsamlingane syner at dei har sett verdien i det mangslungne forteljar- og songstoffet som levde blant folk i bygd og by. Dei har skrive ned det heimelsmennene song og fortalde, også det skjemtande og grove som dei ikkje kunne publisere for skuld strenge utuktslover og allmenne normer for det sømelege. Tekstsamlinga, Lekamslyst II, spenner over eit breitt register, frå høvisk og romantisk-poetisk omskrivande stoff til skjemtande og dels grove og direkte framstillingar av kjønnsliv. Med kartlegging, transkripsjon og ordning av dette materialet fyller denne boka eit tomrom i dokumentasjonen og kunnskapen om folkediktinga i Noreg.