- Format: Innbundet
- Antall sider: 264
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Gyldendal Norsk Forlag AS
- Nivå: Voksen
- EAN: 9788205316324
- Utgivelsesår: 2003
- Bidragsyter: Slapgard, Sigrun (for)
- Utgave nr.: 1
- Emnekategori: Krigføring og forsvar
Tilbudspris
272,-
Ordinær pris
299,-
Krig og løgn avslører spelet bak kulissene om medias rolle i Irak-krigen. Var spelet i FN den største løgna i krigen mot Irak? I så fall skulle det ikkje bli den siste. Media var tildelt ei hovudrolle. Journalistane vart innrullerte hos dei framrykkande soldatane, halvannan million kroner og Hollywood-design vart brukt på podiet for pressebriefingar i sentralkommandoen i Qatar. Sanningas plattform var navnet generalane gav dette podiet.Sigrun Slapgard skriv historia om journalistanes krig sett frå innsida av vår største fjernsynsredaksjon, og avslører løgnas spel i den hittil mest medieførte krigen av alle. Dette er også ei personleg forteljing om krigens drama og ei forteljing om dei presseetiske val reportaren må ta på løpande band. Sjeldan har ein krig vore meir førebudd enn denne, også i media. Boka tar til i oktober 2002 med eit overlevingskurs for journalistar i Wales. Sidan rullar krigsførebuingane fram, til krigen bryt ut i februar. Sigrun Slapgard kommenterer frå Qatar, og må stadig stille stille seg spørsmåla: Kva er sant av det som blir sagt? Kva for rolle skal journalisten ha, og i kva grad formidler media berre det biletet generalane vil ha fram?Krig og løgn avslører spelet bak kulissene om medias rolle i Irak-krigen.Sigrun Slapgard er reporter i utanriksavdelinga i NRK. Ho debuterte med boka Krigens penni 2002. For denne boka vann ho Melsomprisen.