Heimelsspørsmål i behandling og omsorg overfor psykisk utviklingshemma og aldersdemente
rettslege og etiske problemstillingar ved bruk av tvang og inngrep utan gyldig samtykke
- Format: Innbundet
- Antall sider: 871
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Vigmostad & Bjørke AS
- Nivå: Voksen
- EAN: 9788245010534
- Kom i salg: 2. feb. 2011
- Utgivelsesår: 2011
- Bidragsyter: Østenstad, Bjørn Henning (for)
- Utgave nr.: 1
- Emnekategori: Alzheimers sykdom og demens, Helse- og sosialrett
1 579,-
Spørsmålet om bruk av tvang i omsorg og behandling overfor psykisk utviklingshemma og aldersdemente blir rekna som vanskeleg både rettsdogmatisk og rettspolitisk, nasjonalt og internasjonalt. Forfattaren meiner dette reflekterer utryggleik knytt til handteringa av underliggjande etiske problemstillingar. Han lanserer difor ein modell for avveging av konflikten mellom individet sin sjølvbestemmingsrett og samfunnet sitt behov for å verne personen sjølv mot skade (paternalisme), i eit forsøk på å etablere eit meir robust grunnlag for dei juridiske vurderingane. Denne avvegingsmodellen - der menneskeverdomgrepet spelar ei sentral rolle - representerer eit bidrag til den juridisk-metodiske diskusjonen på rettsfeltet, og blir i boka brukt som fundament for analysar av eit breitt utval av rettslege problemstillingar. Særleg sentralt står drøftingar av pasientrettslova kapittel 4A, samt § 4-6, og sosialtenestelova kapittel 4A i lys av praksis frå den Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD), samstundes som også EMD-praksis blir kritisk vurdert. Ein av konklusjonane er at den norske reguleringa av innlegging av ikkje-protesterande demente i somatisk sjukeheim framstår som svært problematisk. Tilsvarande gjeld mellom anna den manglande samordninga mellom psykisk helsevernlova og dei to 4A-kapitla. Framstillinga inneheld ei omfattande drøfting av tvangsføresegna i straffelova 1902 § 222 - vidareført gjennom § 251 i straffelova 2005 - som ein bakgrunn for analysen av ulike tvangsomgrep i spesiallovgjevinga. Bjørn Henning Østenstad er doktor (ph.d.) i rettsvitskap og førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.