Gruppepsykologi
- Format: Pocket
- Antall sider: 256
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Vigmostad & Bjørke AS
- Nivå: Voksen
- EAN: 9788276742442
- Utgivelsesår: 1997
- Bidragsyter: Underlid, Kjell (for)
- Utgave nr.: 2
- Emnekategori: Psykologi
439,-
Denne boka tek opp sentrale tema innan moderne gruppepsykologi med utgangspunkt i nyare forsking på området. Hovudvekta ligg på sosialpsykologiske prosessar. Dei omgrepa, teoriane og forskingsfunna som vert presenterte, gjev lesaren eit grunnlag for å forstå kva som skjer i grupper. Boka gjev nyttig informasjon om korleis den enkelte og gruppa som heilskap kan fungere betre. Boka er lagt opp med eit kort case for kvart problemområde og oversikt over kva studenten skal lære i kapitlet, slik at stoffet vert oversiktleg og lett tilgjengeleg. Til boka høyrer også Arbeidshefte i gruppepsykologi. Gruppepsykologi er i første rekke skriven for helse- og sosialarbeidarar og pedagogar i utdanning og yrke, men ho kan også lesast av alle som er interessert i kva som skjer i grupper og som gjerne vil medverke til at gruppene som dei deltek i vert mest mogeleg velfungerande. Boka sin breie sosialpsykologiske profil gjer at ho også kan brukast som pensumbok i allmenn sosialpsykologi i høgskulesektoren. Kjell Underlid er dr.philos. og første-amanuensis ved sosionomutdanninga ved Høgskulen i Bergen. Han har lang undervisnings-erfaring på universitets- og høgskolenivå. Underlid er også spesialist i klinisk psykologi og har praksis frå pedagogisk-psykologisk teneste, vaksenpsykiatri og rusmiddelsektoren.