Nettbutikk for bedrifter og skoler

Fire store

Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa, Marie Takvam

Innbundet
Nynorsk
Fire store
Fire store
  • Forfatter: Jan Inge Sørbø
  • Format: Innbundet
  • Antall sider: 251
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Det Norske Samlaget
  • Nivå: Voksen
  • EAN: 9788234007545
  • Kom i salg: 18. mai 2022
  • Utgivelsesår: 2022
  • Bidragsyter: Sørbø, Jan Inge (for)
  • Emnekategori: Biografier: litteratur, Kjønnsgrupper: kvinner og jenter, Litteraturstudier: skjønnlitteratur og forfattere
Se flere produktegenskaper
Tilbudspris 409,- Ordinær pris 449,-

Kjøp på nett

I denne boka viser Jan Inge Sørbø kvifor dei fire forfattarane ikkje har fått plassen dei fortener - og kvifor dei bør lesast i dag.

Marie Takvam skreiv dikt som framleis riv i lesaren. Frå debuten i 1952 til 1990 var ho ein litterær pioner, men tabloidpressa reduserte bøkene hennar til biografiske skandalar. Hulda Garborg er kjent for si organisatoriske kraft, men dei mange skjønnlitterære bøkene hennar er nesten ukjente. I tillegg til å ta ansvaret for ein depressiv ektemann og heile det nynorske teaterlivet skreiv ho over 40 bøker, ambisiøse romanar og eksperimentelle drama. Gro Holm skreiv sterke romanar om Odda sin overgang frå bonde- til industrisamfunn 40 år før Kjartan Fløgstad, ofte med eit kvinneperspektiv. Aslaug Vaa, som gav ut bøker frå 1930-talet og framover, vart lenge omtala som ein lokal telemarksforfattar. Sørbø viser korleis ho stod i dialog med leiande intellektuelle rørsler i Europa gjennom heile forfattarskapen.

Kva er det som gjer at desse kvinnene ikkje blir lesne på eigne premissar, men i stor grad ut frå kjønnet sitt? Sørbø viser korleis meldarar og litteraturhistorikarar hevdar dei berre ser på kvalitet, og slik usynleggjer tematiseringa av kjønnsroller i bøkene. På den andre sida blir kjønnsdimensjonen gjort total ved at ein ser berre kvinneproblem i litteratur av kvinner. Det er tid for nylesing.

«Litteraturvitaren går grundig, skarpsynt og poengtert gjennom livsverket til dei fire forfattarane, og legg ikkje skjul på at det finst både godt og dårleg der. Men gjennomgangen hans viser framfor alt at nylesing på lang tidsavstand opnar for nye og forfriskande perspektiv. Eg fekk i alle fall lyst til å bli nærmare kjend med fleire av bøkene.»
– Tom Hetland, Stavanger Aftenblad