Sissel Aslesdotter -ein kvinnelagnad
- Format: Innbundet
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Lokal vare
- EAN: 9788299448826
- Utgivelsesår: 2023
299,-
I juni 1704 vart den 17 år gamle Sissel Aslesdotter frå Leveld i Ål prestegjeld dømt til døden ved halshogging. Ho hadde født eit dødfødt barn utanfor ekteskap. Og sidan Sissel hadde vore åleine under fødselen og ikkje hadde vitne, vart ho dømt som barnemordar. Ho sat fengsla i to år, men fekk anka saka si. I Høgsterett i København vart Sissel frikjend.Korleis kunne ei fattigjente frå Leveld makte å få saka si heilt til København? Det veit me ikkje. Men forfattaren har med utgangspunkt i rettsprotokollar og slektsbøker gjeve liv til namna og skapt ei historie som kunne ha skjedd. Forfattaren fylgjer livet til Sissel vidare. Ho får eit dramatisk liv. Kven desse menneska rundt Sissel var, korleis dei hadde det og kva for kjensler dei bar på, -det kan det berre diktast om.
Øystein Lappegard er pensjonert kommuneoverlege i Ål med stor interesse for lokalhistorie. Han har tidlegare gjeve ut fleire bøker med lokal tilknytning.
Øystein Lappegard er pensjonert kommuneoverlege i Ål med stor interesse for lokalhistorie. Han har tidlegare gjeve ut fleire bøker med lokal tilknytning.