- Format: Innbundet
- Antall sider: 93
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Sturnus Forlag
- Nivå: Voksen
- EAN: 9788299755504
- Kom i salg: 27. okt. 2009
- Utgivelsesår: 2007
- Bidragsyter: Kalvig, Børge (for) ; Kalvig, Børge (ill) ; Grønstøl, Sigrid Bø (med)
- Utgave nr.: 1
- Emnekategori: Film og kino, Fotografering og fotografier
Tilbudspris
292,-
Ordinær pris
320,-
Fotobok med intervju: Augo som ser. Børge Kalvig i samtale med Sigrid Bø Grønstøl. Sterke andlet og røffe nevar, tørrfisk på veggen og kaffikvern i omnskråa, det er etterkrigstidas Ryfylke. I denne boka har kunstfotografen Børge Kalvig saman med dotter si, biletkunstnaren Ellen Kalvig, valt ut høgdepunkt frå si store samling av fotografi frå Ryfylke. Fotografen kjenner dette miljøet, han har lege i kammersa, ete på voksdukane, rodd i båtane. Med kameraet har han tatt vare på kjære stunder og minner, ikkje bare for seg sjølv, men for eit par generasjonar av kystfolk som vil kunna kjenna seg att. Dette er ei fotografisk kulturhistorie for Ryfylke og kystlandet elles. Men ikkje bare det. Kunstnaren Børge Kalvig kombinerer det dokumentariske med det estetiske og får oss til å sjå det kjende og vanlege på nye måtar, viser oss kvardagen, men også poesien, slitet og arbeidet, men også draumen og gåtene. * Å koma heim på NRK * Å koma heim i Suldal * Børge Kalvig tildelt Norges Fotograf-forbunds høgaste pris Gullmedalje med krans (Stavanger Aftenblad)