Nettbutikk for bedrifter og skoler

Den spreke hundreåringen

Førde idrettslag 1920-2020

Innbundet
Nynorsk
Den spreke hundreåringen
Den spreke hundreåringen
  • Forfatter: Rune Fossum Lillesvangstu
  • Format: Innbundet
  • Antall sider: 224
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Selja Forlag AS
  • Nivå: Voksen
  • EAN: 9788282401623
  • Kom i salg: 21. okt. 2020
  • Utgivelsesår: 2020
  • Bidragsyter: Lillesvangstu, Rune Fossum (for) ; ()
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: Idrettshistorie, Idrettslag og klubber
Se flere produktegenskaper
Tilbudspris 363,- Ordinær pris 398,-

Kjøp på nett

Utsolgt på nettlager
På ein skitur i 1920 bestemte nokre ungdommar seg for å starte eit idrettslag. Dei kan umogeleg ha tenkt på kva for eit eventyr dei var med på å starte. På første årsmøtet hadde Førde IL 38 medlemmar. Hundre år seinare har idrettslaget over 2000 og er den største frivillige organisasjonen i Sunnfjord kommune.
I boka følgjer vi utviklinga i idrettslaget frå dei første åra med trening og konkurransar under enkle forhold til nyare tid med profesjonelle trenarar og anlegg. Gunnar Erdal-Aase vann den første NM-tittelen i femkamp for Førde IL i 1936. Sidan har mange utøvarar og lag markert seg både nasjonalt og internasjonalt. Dei fleste førdianarar hugsar jubelen då Førde slo Brann ut av NM i fotball i 2016. I dag set blant andre profilar som Karoline Erdal og Gjøran Tefre Førde på kartet.
Men sjølv om det er viktig å vinne, så er gjennomgangstonen hos utøvarane at det aller viktigaste med idretten er kameratskapen og idrettsgleda - anten dei driv breidde- eller toppidrett.
I denne boka får du møte ei rekkje fargerike personar, både utøvarar, trenarar og dugnadsfolk, som fortel om store triumfar og bitre nederlag gjennom hundre år med idrettshistorie i Førde IL. Hundreåringen er framleis sprek. Boka er rikt illustrert med over 300 bilete.