Nettbutikk for bedrifter og skoler

Tenkende hender

Tromsø husflidslag 1922-2022

Innbundet
Nynorsk
Tenkende hender
Tenkende hender
  • Format: Innbundet
  • Antall sider: 263
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Orkana Forlag A/S
  • Nivå: Voksen
  • EAN: 9788281045194
  • Kom i salg: 25. aug. 2022
  • Utgivelsesår: 2022
  • Bidragsyter: Elstad, Åsa (red)
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: Husflid, kunsthåndverk og håndarbeid, Sosial- og kulturhistorie
Se flere produktegenskaper
Tilbudspris 363,- Ordinær pris 399,-

Kjøp på nett

«Tenkende hender» handlar om historia til Tromsø Husflidslag, men også om mykje meir. Gjennom hundre år sette ulike samfunnsendringar og trendar preg på laget. Første del av boka, skriven av Åsa Elstad, tar blant anna for seg korleis husflidslaget arbeidde for «hjelp til sjølvhjelp», formidling av kulturarv og opplæring i handverk og materialkunnskap. I dag arbeider laget også for å bidra til eit meir berekraftig samfunn. Husflidslaget si historie er ein del av byhistoria, noko som blir understreka av Ingebjørg Hage sine tekstar om hus i byen der husflidslaget har hatt aktivitetar.

I andre del av boka blir husflidsperspektivet utvida. Torunn Hamran skriv om korleis kvinneforeiningane brukte handarbeidet i arbeidet for eit betre helsetilbod. Kjellaug Isaksen skriv om den samiske oppstadveven, greneveven. Kari Stangnes fortel historia om Troms-bunaden og Ellen Berit Dalbakk / Rámavuol Elle Bigge reflekterer r.undt utviklinga av duodjie, det samiske handverket. Torunn Sedolfsen fortel om eit kurs i vevtradisjonar i Troms, og Aslaug Magdalena Juliussen skildrar korleis handverkstradisjonane i familien var med på å forme henne som kunstnar. Boka er rikt illustrert.