Nettbutikk for bedrifter og skoler

Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag

Pocket
Svensk
Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag
Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag
  • Format: Pocket
  • Antall sider: 115
  • Språk: Svensk
  • Forlag/Utgiver: Vigmostad & Bjørke AS
  • Nivå: Voksen
  • EAN: 9788251921688
  • Utgivelsesår: 2006
  • Tittel på originalspråk: Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag
  • Bidragsyter: Matre, Synnøve (red)
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: Pedagogikk
Se flere produktegenskaper
389,-

Kjøp på nett

Utsolgt på nettlager
Skriftleg kommunikasjon er blitt ein nøkkelkompetanse i dagens samfunn. Det blir skrive meir enn nokon gong før, både fagleg og privat, i utdanning og arbeidsliv. Vi sender e-post og SMS, skriv instruksjonar og rapportar, deltar i nettdiskusjonar og chat-grupper - for å nemna noko. Samstundes har mange av dei muligheitene som ligg i skrift til å lagra, sortera, vurdera og vidareutvikla kunnskap, ført til at skriving framstår som ein vesentleg kunnskapsstrategi og innovasjonsstrategi. Skriving er blitt viktig i alle fag - og i dei aller fleste arbeidssituasjonar. Skriving har altså fått ein sterk oppsving - og det har skjedd fort. Denne boka presenterer ei rekkje artiklar som alle kretsar kring utfordringar knytt til skriveopplæring og skriveforsking i dag. Artiklane drøftar mellom anna følgjande tema: - kva kunnskap har vi faktisk om barn og unges skriveutvikling i dag? - Korleis skjer eigentleg utviklinga? . kva inneber eit literacy-begrep tilpassa vår tid? - nettsamtalar og utvikling av digital skrivekompetanse. - korleis nyttar barn skriving i læringa si i ulike fag? - kven er risikoskrivarane i skolen - dei som skriv utan sikkerheitsnett? - kva skrivedidaktiske utfordringar har vi framfor oss? Artiklane byggjer på presentasjonar på det nasjonale seminaret. Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag, arrangert av Høgskolen i Sør-Trøndelag, Avdeling for lærar- og tolkeutdanning, i Trondheim i juni 2005. Bidragsytarane er alle sentrale aktørar innanfor skriveforskingsmiljøet i Noreg.