Nettbutikk for bedrifter og skoler

Klimapolitikk

samfunn og styring under eit klima i endring

Pocket
Nynorsk
Klimapolitikk
Klimapolitikk
  • Forfatter: Jon Naustdalslid
  • Format: Pocket
  • Antall sider: 313
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Abstrakt Forlag A/S
  • Nivå: Voksen
  • EAN: 9788279353751
  • Kom i salg: 11. nov. 2015
  • Utgivelsesår: 2015
  • Bidragsyter: Naustdalslid, Jon (for)
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: Klimaendringer, Miljøpolitikk og protokoller
Se flere produktegenskaper
Tilbudspris 360,- Ordinær pris 395,-

Kjøp på nett

Klimapolitikk handlar om klimaproblemet som samfunnsproblem, politisk problem og styringsproblem. Den naturvitskaplege klimavitskapen fortel oss at vi ikkje lenger lever under eit stabilt og «naturleg» klima, men eit som er i endring på grunn av våre utslepp av klimagassar, av korleis vi forvaltar naturressursane på kloden. Vi lever under eit «hybridklima», som resultat av samspelet mellom natur og samfunn. Følgjeleg vil framtida ikkje berre gje oss eit anna klima, men eit klima som vil vere styrt av korleis vi styrer samfunnet. Det er korleis samfunnet handterer denne nye situasjonen som er tema for denne boka. Dette «nye» klimaet er ikkje berre - og kan hende ikkje først og fremst - eit miljøproblem. Det er minst like mykje eit komplekst og samansett samfunnsproblem. Klimavitskapen har vist at vi lever under eit menneskepåverka klima og at den globale oppvarminga kan få dramatiske konsekvensar for samfunn og natur. Men den kan ikkje svare på korleis samfunnet kan eller bør handtere problemet.

Denne boka er eit forsøk på å ta tak i klimaproblemet der den naturvitskaplege klimavitskapen ikkje lenger kan gje svar: Korleis ser klimaproblemet ut som sosialt, kulturelt og politisk problem? Kva for konfliktar og motsetnadar utløyser ulike klimatiltak? Kvifor har ikkje Kyoto-strategien fungert? Korleis og kvifor kjem forsøk på å løyse klimaproblemet så ofte i konflikt med andre problem i samfunnet? Og kan hende det viktigaste spørsmålet er: Korleis kan og bør samfunnet møte ei framtid der det kan bli mogleg å manipulere klimaet? Klimapolitikk bygger på ein gjennomgang av norsk, men først og fremst internasjonal litteratur som argumenterer for at dagens rådande strategi om klimatiltak, basert på naturvitskapelege perspektiv, er eit blindspor. Denne litteraturen er mindre kjent i Noreg og boka bidrar til eit innblikk i diskusjonen.