Den svenske modellen og det norske systemet
tilhøvet mellom modernisering og identitetsdanning i Sverige og Noreg ved overgangen til det 20. hun
- Format: Pocket
- Antall sider: 350
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Samlagsantikvariatet
- Nivå: Voksen
- EAN: 9788252160321
- Utgivelsesår: 2002
- Bidragsyter: Angell, Svein Ivar (for)
- Utgave nr.: 1
- Emnekategori: Europeisk historie
350,-
Boka handlar om moderniseringsprosessane i Sverige og Noreg ved overgangen til det 20. hundreåret. Forfattaren viser korleis føresetnadane for moderniseringa var ulike i dei to landa, noko som gjenspegla seg i dei moderniseringspolitiske ordskifta. Analysen krinsar kring tre aspekt ved moderniseringa: det nasjonal-kulturelle, det politisk-demokratiske og det teknisk-økonomiske. Eit sentralt spørsmål er kva sider ved moderniseringa som hadde mest å seia for identitetsdanninga i dei to landa. Forfattaren drøftar også i kva grad moderniseringsprosessane reflekterte ulike former for rasjonalitet i Sverige og Noreg, og korleis dette har prega dei to samfunna gjennom det 20. hundreåret. Har litteraturliste og personnamnregister.