Tonen og glaset
pedagogisk arbeid med eldre og verbal kreativitet
- Format: Pocket
- Antall sider: 209
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Cappelen Damm AS
- Nivå: Voksen
- EAN: 9788276345247
- Utgivelsesår: 2003
- Bidragsyter: Synnes, Oddgeir (for) ; Sætre, Odd (for) ; Ådlandsvik, Ragna (for)
- Utgave nr.: 2
- Emnekategori: Eldreomsorg, Spesialundervisning
469,-
Skaping med ord, arbeid med poetisk språkuttrykk og forteljing, er kjernen i «Prosjekt Eldrepedgogikk», PEP, i Bergen, der forfattarane av boka er initiativtakarar og sentrale aktørar. Idegrunnlaget har sitt utspring i pedagogikkmiljøet ved Institutt for praktisk pedagogikk ved Universitetet i Bergen, og prosjektet er i hovudsak finansiert av Hordaland Fylkeskommune. Kursverksemd innanfor PEP med eldre i ulike fasar og på svært ulike funksjonsnivå har resultert i mange refleksjonar og erfaringar, og ikkje minst: i mange gode tekstar. Alt dette ønskjer forfattarane å dele med lesarane, som blir invitert inn frå pedagogikkfagleg og helsefaglege miljø, og frå alle felt av samfunns- og kulturlivet der ein ønskjer å få eldre med som aktive og skapande deltakarar. Gjennom ei tverrfagleg tilnærming, der pedagogikk, gerontologi, språk, litteratur og filosofi er trekt inn, slår Tonen og glaset eit slag for vekking og frigjering av evner på område som den einskilde og samfunnet kanskje ikkje visste var der.