- Format: Pocket
- Antall sider: 198
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Gyldendal Norsk Forlag AS
- Nivå: Voksen
- EAN: 9788205329676
- Utgivelsesår: 2004
- Bidragsyter: Sataøen, Svein Ole (for) ; Johansson, Knut Rune (ill)
- Utgave nr.: 1
- Emnekategori: Førskoler og barnehager
107,-
Dei siste åra har vi frå ulike hald sett ei veksande uro for gutane sin oppvekstsituasjon. Stadig oftare ser vi døme på at gutar kjem til kort på mange sentrale livsområde. Dette biletet treng nyansering og supplering. Svein Ole Sataøen gjer i denne boka greie for karakteristiske trekk ved gutane si utvikling, og korleis familien, barnehagen og skulen møter dei. Det gjer han ved å presentere nye og varierte forskingsresultat på området, og han drøftar i kva grad gutar maktar å leve opp til dei forventningane det moderne samfunnet har til dei. Svein Ole Sataøen teiknar eit nyansert og nært bilete av dei utfordringane gutar har i oppveksten, både dei gledene dei har, men óg dei vanskane dei møter på vegen mot det å bli menn. Dette biletet går langt djupare enn moderne stereotypiar. På denne måten gir boka alle som samhandlar med gutar ny innsikt og nye spørsmål til refleksjon. Boka vil difor interessere alle som er opptekne av barns oppvekst.