Juss i sjukepleie
- Format: Pocket
- Antall sider: 164
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Det Norske Samlaget
- Nivå: Voksen
- EAN: 9788234001048
- Kom i salg: 8. jan. 2021
- Utgivelsesår: 2021
- Bidragsyter: Ohnstad, Bente (for)
- Utgave nr.: 1
- Emnekategori: Anvendt jus i andre yrker og fagområder, Sykepleie
369,-
Dette er ei grunnleggande innføringsbok i
helserett for sjukepleiarar. Boka gir oversikt
over regelverket som gir rammene for
sjukepleiefagleg arbeid, og over kva desse
reglane inneber i praksis.
Etter ei kort innføring om ulike normer,
rettsstat, velferdsstat og menneskerettane,
tar forfattaren for seg reglane som gjeld ved
utøving av sjukepleiaryrket. Sentrale føresegner
i mellom anna helsepersonellova, pasient- og
brukarrettslova og psykisk helsevernlova
vert gjennomgått. Kravet til forsvarleg
yrkesutøving, grenser for bruk av tvang, kravet
til journalføring, informasjonsbehandling og
teieplikt blir behandla og sett i lys av prinsipp
som pasientautonomi og rettstryggleik. Her
blir også krav til medverknad - også for barn og
unge - gjennomgått.
Plikter for sjukepleiarar og anna helsepersonell
heng nøye saman med rettar for pasientane.
Pasientar har rettar både vis-a-vis sjukepleiarar
og anna helsepersonell, men også vis-a-vis
verksemder som er ansvarlege for tenestene.
Difor vert også plikter for eigarar og dei som
er ansvarlege for organisering og drift av
helsetenestene, gjennomgått, sidan dette
vedkjem rettane til pasientane og kan avgrensa
ansvaret til fagpersonellet.
Bente Ohnstad (f. 1953) er jurist, advokat og
førsteamanuensis i rettsvitskap ved Høgskolen i
Innlandet, Lillehammer. Ohnstad har brei erfaring frå offentleg forvaltning, undervisning, utgreiing, forsking og leiing. Ho har publisert fleire fagbøker og artiklar innanfor rettsområda forvaltningsrett, velferdsrett og helserett, skrive NOU 1993:33 om helsepersonell sine rettar og plikter og leia arbeidet med Ot.prp. nr. 13 (1998-99): Om lov om helsepersonell.