Nettbutikk for bedrifter og skoler

Sjøskade

roman

Innbundet
Nynorsk
Sjøskade
Sjøskade
  • Forfatter: Eirik Ingebrigtsen
  • Format: Innbundet
  • Antall sider: 183
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Forlaget Oktober
  • Nivå: Voksen
  • EAN: 9788249523306
  • Kom i salg: 29. jan. 2021
  • Utgivelsesår: 2021
  • Bidragsyter: Ingebrigtsen, Eirik (for)
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: Moderne litteratur, Skjønnlitteratur som skilderer familielivet
Se flere produktegenskaper
Tilbudspris 345,- Ordinær pris 379,-

Kjøp på nett

Og om natta når alle søv, svømmer delfinane heilt inn i dei trongaste fjordane og legg seg inntil gjestebryggjene, når det er stille i gatene, kjem reven ned lia og snusar på søppelspanna, når eg ligg og søv, løftar naturen seg opp frå bøygde nakkars dalar og lute buskar medan dei sjøskadde draumane skyl hovudet mitt reint og prøver å fortelja meg at det går bra, eg kjem tilbake, no er eg tilbake, det finst luft nok her.

Johs har flytta heim til garden ved sjøen der han vaks opp. Her bur han saman med dottera Jill og faren Paal, enkemann på andre året. Etter ei dykkarulukke, då oksygentilførselen svikta og Johs var nær ved å drukna, har han slite med syn og med sansane, og han har vore sjukemeld frå jobben som marinbiolog i lang tid. Men i kjellaren på garden ligg eit hemmeleg forskingsobjekt han skal skriva rapport om, og som skal bli Johs sin veg tilbake.

Sjøskade er ein roman som krinsar rundt naturen, sjøen og havet - det mytiske, livgjevande og øydeleggjande havet - både som tema og skodeplass. Det er også forteljinga om tre ulukker, og om ein liten familie med tre medlemar i tre generasjonar. Eirik Ingebrigtsen går tett på og skriv nært og sanseleg om kvardagen og dei store livskreftene, og om ein far si frykt og omsorg.