Nettbutikk for bedrifter og skoler

Alt vel

Innbundet
Nynorsk
Alt vel
Alt vel
  • Forfatter: Marit Elisebet Høines Totland
  • Format: Innbundet
  • Antall sider: 164
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Kapabel Forlag AS
  • Nivå: Voksen
  • EAN: 9788281631014
  • Kom i salg: 7. nov. 2016
  • Utgivelsesår: 2016
  • Bidragsyter: Totland, Marit Elisebet Høines (for)
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: Historiske romaner
Se flere produktegenskaper
Tilbudspris 300,- Ordinær pris 329,-

Kjøp på nett

Utsolgt på nettlager
Året er 1884 og tida er prega av endring. Nokre endringar kjem av seg sjølv, andre må ein ha mot for å følgja med på. Silda, som vestlendingane før kunne henta utanfor eigne holmar og skjer, drar ein no til Island for å henta. Om ein vågar.

Det er om lag tretti år til kvinner får røysterett og gifte kvinner har ingen råderett over det familien eig, men i Skudeneshavn sender enkefru Thoresen skip til Island.

Telegrammet bringer siste nytt frå fjernt og nær. Men ikkje frå Island. Det tar tid før dei som går heime og ventar får vita kva som eigentleg hende under uvêret 11.september 1884, då Normannastormen herja.

Alt vel er ein historisk roman som tar deg med til ei tid då alt var mykje lenger vekke enn eit tastetrykk.

Marit Elisebet Høines Totland (1957) er oppvaksen i Skudeneshavn, men bur no på Valen i Kvinnherad. Ho har tidlegare gitt ut Garborg og Skou - forskjell på folk (2014), Blåstrømpe (2004), og ei rekke lokalhistoriske bøker. Totland er utdanna lærar og er ein mykje brukt foredragshaldar. Ho har hatt mange politiske verv, mellom anna som ordførar og statssekretær.