- Format: Innbundet
- Antall sider: 348
- Språk: Bokmål
- Forlag/Utgiver: Forente Forlag AS
- Nivå: Voksen
- Serienavn: Olive
- Serienummer: 2
- EAN: 9788232803194
- Kom i salg: 6. jan. 2020
- Utgivelsesår: 2020
- Tittel på originalspråk: Olive, again
- Bidragsyter: Strout, Elizabeth (for) ; Rød-Larsen, Hilde (ove)
- Utgave nr.: 1
- Emnekategori: Moderne litteratur
Det er ikke mange skikkelser i moderne litteratur som Olive Kitteridge: Den bryske, grovbygde, kantete, kloke mattelærerinnen fra en småby i Maine. Elizabeth Strout fikk Pulitzerprisen for den første boka om Olive. Nå er den gamle damen tilbake i en uavhengig romanfortsettelse. Hun har blitt pensjonist og enke, hun må finne ut av kjærligheten på ny, forsone seg med kroppens forfall og hjemmehjelperen som dytter på putene hennes. Men fortsatt får vi gjennom Olive se menneskene rundt henne i småbyen: deres tausheter og tilkortkommenhet, deres kjærlighet og forvirring, deres øyeblikk av innsikt eller nåde. Hvorfor er det så vanskelig å elske? Hvorfor klarer vi ikke å ta vare på sannheten når vi møter den? Hvordan lever man et ærlig liv?
Anmeldt på NRK.no av Marta Norheim:
Pokker til kvinnfolk, pokker til bok
Ho prøver å dempe hurpefaktoren, heldigvis for dei næraste. Ho lukkast berre sånn passe, heldigvis for lesarane.
Olive Kitteridge er eit fenomen, først observert i romanen «Olive Kitteridge»: Ei stor, klumpete kvinne med eit skarpt blikk og ei endå skarpare tunge som ho sjeldan tøymer. Ho er den typen som ikkje er ute etter å bli likt, og som ikkje blir det heller; eit trekk som både er skremmande, fascinerande. Og i tilfellet Olive: kjelde til mykje morskap.
(...)
No er ei ny bok om Olive her, under tittelen «Olive, igjen». Ingen skal skulde den amerikanske forfattaren Elizabeth Strout for å ta det ut i titlane, men det som likevel går fram her, er at årets bok byggjer på den første. Slik er det. Ein ny lesar vil finne meining i «Olive, igjen», men det er all grunn til å køyre Olive frå starten.
Bite frå seg, men berre når det trengst
Olive er enke etter Henry, som ho hundsa i livet. Det angrar ho på. Sonen har flytta langt bort, og ho tek til å lure på om det kan ha noko med henne å gjere. Den pensjonerte matematikklæraren har god tid til ettertanke og ja, endåtil anger har blitt ein del av repertoaret. No og då stoggar ho seg sjølv før ho sender ut den drepande replikken.
Vi anar nye takter. Men endringane er ikkje større enn at den nye ektemannen hennar av og til spør om ho kan vere «litt mindre Olive». Og Olive får sagt imponerande mykje med ord som «Greit. Greit, greit».
(...)
Som i «Olive Kitteridge» er også «Olive, igjen» sett saman av 13 ulike historier om folk i ein småby i Maine. På ulike vis dukkar bysbarnet Olive inn i historiene. Dermed får ein sett henne frå mange ulike sider. Det fungerer utmerka, sjølv om ikkje alle 13 historiene er like fengslande.
Inni alle historiene ligg det ein bodskap, eg vil seie det så sterkt: Prøv å gløyme driten og ver god mot dei du er nær mens dei enno lever. Ta ein Kitteridge: Hald kjeft i tide. Andre kan vere utruleg irriterande, men likevel: Hald kjeft i tide. Om ein ikkje greier det, er det ingen skam å snu midt i ein setning.
Dette er ikkje revolusjonerande innsikter, men slik det er fletta inn i denne smarte romanen, framstår det som friskt og klokt. Og sidan Olive neppe kjem tilbake: Takk for følgjet, di gamle hurpe!