- Format: Pocket
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Lokal vare
- EAN: 9788230355633
- Utgivelsesår: 2022
229,-
Jon Arne Austnes vart 23 år gammal. Jon Arne døydde i eit fengsel i Tyskland langt frå den kjære heimen på Haramsøy på Sunnmøre. Han var såkalla «Nacht und Nebel-fange» - og skulle forsvinne utan spor. Ved hjelp av tidsvitne og dokument har historikaren Aud Farstad fylgt i spora til onkelen frå han gjekk om bord i båten «Noreg» for å flykte til Skottland og slutte seg til motstanden mot tyranniet, til han døydde i Sonneburg, noverande Słońsk i Polen, 20. september 1944. Forteljinga om Jon Arne er omsett i sin heilskap til både tysk og engelsk.