Nettbutikk for bedrifter og skoler

Alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast

Innbundet
Nynorsk
Alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast
Alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast
  • Forfatter: Kjersti Wøien Håland
  • Format: Innbundet
  • Antall sider: 107
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Cappelen Damm AS
  • Nivå: Voksen
  • Serienavn:
  • Serienummer: 467
  • EAN: 9788282884662
  • Kom i salg: 13. okt. 2021
  • Utgivelsesår: 2021
  • Tittel på originalspråk: Alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast
  • Bidragsyter: Håland, Kjersti Wøien (for)
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: Lyrikk av en forfatter, Moderne lyrikk (fra 1900 og fremover)
Se flere produktegenskaper
Tilbudspris 272,- Ordinær pris 299,-

Kjøp på nett

her er arret, her er såret, her er skattemelding og CV

her er såre punkt, her er hard hud,

her er kviser, cystar og hemoroidar

her blir blodet reinsa og her sprekk stemma

her er eit skilt over døra, her er andre kroppar velkomne inn her er kjønnshårets løkkeskrift

her kjem driten ut

her er sjansen til å bli rusmisbrukar og statsminister her kan eg bygge menneske og her kan eg miste dei

her er det eg sel: kroppen i sitt endelege og sinnet: uendeleg

universet som renn gjennom meg

og eg som renn gjennom universet
Kva gjer ein når alle alarmar går? Og programvarer er utdatert? Og verktøy ikkje lenger er verktøy? I møtet med den største krisa og den lengste natta for menneskja, kva er det manualen for heile eksistensen seier? Han seier at alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast. Dette er det fantastiske og fryktelege med livet som vi kjenner det. Det er unikt, du er unik, og det er fortapt, du er fortapt. Slik rammar Kjersti Wøien Håland inn vår tid og bevissthet i denne diktsamlinga. Og det er innafor dette tilsynelatande håpløyse rammeverket at ho finn medkjensle, sjølvstende og overlevingsevne.